Vi har teke hand om tannhelsa på Valestrand og Osterøy sidan 1976.
Hos oss kan du få utført eit vidt spekter av tannlegetenester.
Nye og gamle pasientar er hjarteleg velkomne!
Kapasiteten ved klinikken Valestrand er redusert frå juni 2024.
Det vil framleis vere mogeleg å kontakte klinikken for å time hos Tannlege Bjørn Raknes, til dømes dersom du ventar på innkalling. Ved akutte tannproblem kan du og kontakte klinikken.
Dersom du er tannlege og vil jobbe hos oss, ta gjerne kontakt!
Akutt Behandling
Ved akutt trong for tannbehandling gjer vi vårt ytterste for å hjelpa deg så fort som råd er. Vårt mål er å gje omsorgsfull hjelp til alle pasientar med akutte smertar same dag. Ringer ein tidleg på dag, er det lettare å få hjelp. Vi prøvar å ordna timeboka slik at vi kan hjelpa deg. Denne servicen gjer deg tryggheit som pasient hjå oss- men den kan også føra til at vi blir nødt å flytta på avtalte timar for at vi skal kunne få dette til. Vi håpar for forståing for dette- akutte tannsmertar kan ramme alle.
Nokre av tenestene våre
Rotfylling
Når nerva(pulpa) er sterkt skada eller daud, er det naudsynt å foreta rotbehandling, om ein ynskjer å behalde tanna. Dette kan skje med store hol (karies) som går inn til nerva i tanna eller at sprekker i tanna gir vei inn til nerva for bakteriane. Tenner kan også verta utsatt for eit kraftig slag i ei ulukke, og nerva kan bli øydelagd og seinare invadert av bakteriar. Smerten kan variere i styrke og intensistet. Det kan ise, ein kan ha vondt i øyre, biholer, hovudet. Ofte kjenner ein ingenting, og det vert oppdaga på røntgen av tannlegen. For mest mulig vellykka behandling er det ein fordel med ekstra hygieniske forhold, og tannlegen setter på ein gummiduk rundt tanna, slik at ikkje spytt og bakteriar fra munnhola påverkar prognosen for behandlinga. Behandlinga handler om å fjerne infisert nervevev og skylja reint med ulike væsker.Ofte går ein med eit antibaterielt medikament nokre veker før behandlinga er over.\r\n\r\nDet er ganske vanleg å kjenna litt frå tanna før det roer seg ned etter utrenskinga. For behandling av vanskelige tenner nyttar vi mikroskop. I nokon tilfeller kan rotkanalen vere bøyd eller forkalka, og då hender det vi henviser til spesialister i rotfylling. 84-94% av rotfyllingane vert vellykka, avhengig av diagnosen. Sluttresultatet har grunnlag i korleis tanna responderer på behandlinga og har også samanheng med anatomine i roten. Vi fylgjer opp behandlinga med røntgen 1 år etter rotbehandling er over.
What Are Top in The Market
An interesting concept used by this restaurant is the Instagram dish reel called Royal Plate Moments. Every client is encouraged to contribute to the collection by adding the A really clever way to promote.
Tannkjøttsjukdom
Det fins i hovudsak to typar tannkjøtsbetennelsar. Gingivitt er ein overfladisk tannkjøtsbetennelse som kjenneteiknast ved hevelse, blødning og raudheit. Bakteriebelegg (plakk) fester seg til tennene ned mot tannkjøtet og skapar ein lokal irritasjon. Det er lite plage av denne tilstand. Tannlege/tannpleiar vil hjelpa deg å fjerna bakteriebelegget og visa deg korleis du kan fortsetje å halde tennene reine. God munnhygiene med bruk av tannbørste,tanntråd eller tannstikkere/mellomtannsbørste betrar tilstanden. Periodontitt er ein sjukdom som fører til at tennenes feste blir øydelagd på grunn av bakteriar ned mot tannkjøtet. I begynnelsen får ein blødning, hevelse og raudheit. Etterkvart løsner fibrene som festar tanna til kjevebein og tannkjøt. Ein får då djupare spalte mellom tann og tannkjøt – kalt tanmkjøtslomme. Betennelsen går djupare i tannkjøtet og ein merkar lite til sjukdomen. Etter fleire år vil tanna løsne og tilslutt falle ut. I sjeldnare tilfelle går denne prosessen hurtigare. Vi veit at fleie forhold påvirker sjukdommen negativt, som f.eks røyking, medisinar, stress, ukontrollert diabetes. Behandlinga er å stoppe sjukdommen. Alle tannflater over og under tannkjøtet samt mellom tennene må haldast reine. Med tannrens fjernar ein bakteriebelegg og tannstein. Utenpå tannstein er alltid bakteriar. Behandlinga av tannkjøtssjukdom med tannløsning strekkjer seg over fleire behandlingsøkter. Grundig instruksjon i korleis tennene haldast reine er svært viktig for å lukkast med behandlinga. Med rein tann – og rotoverflate vert betennelsen dempa, og nedbrytninga av festeapparatet stanser. Behandling og forebygging av periodontitt er ofte livslang. Tannstein, belegg og bakterier kjem fort tilbake og det er viktig å få rense tennene regelmessig. Folketrygda gir stønad til dekking av periodonttt.’,’Behandling av tannkjøttsykdom’