Undersøking

Ved ei ordinær undersøking ser vi etter hol og defekte fyllingar og syreskader på tennene. Tannkjøtet og slimhinner blir kontrollerte. Tyggemusklar og kjeveledd sjekkes for eventuelle plagar. Vanleg tannrøntgen utfyller undersøkinga og ved trong tar vi OPG. Det er eit panoramarøntgen der heile tanna, kjevebein, kjeveledd og biholer synes på same bilete (eit tilbod vi har hatt i 25 år). Våre digitale røntgensystem er innkjøpte dei siste åra og gir ein minimal strålemengde.