Om oss

Tannlege Bjørn Raknes

Utdanna tannlege frå Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen med over 40 års tannlegeerfaring. Han har drive privat praksis for vaksne på Valestrand sidan 1976. Frå samme tid er det gitt eit tilbod til pasientar i den Offentlige Tannhelsetenesta (DOT) etter oppmoding frå Fylkestannlegen i Hordaland. I ein liten mannsalder har han undervist ved Det medisinsk-odontologiske fakulitet med fordjuping i protetikk (krone, bro, protese og bittfysiologi). Han utfører og ulike typar operasjonar i tilknytning tenner og munnhole.

Tannlege Ingrid Raknes

Utdanna allmenpraktiserande tannlege frå Det odontologiske fakultet i Oslo med 10 års erfaring frå privat og offentleg praksis. Ho har jobba kontinuerleg med pasientar som har vore plaga av sterk tannlegeskrekk og har spesialkompetanse på lystgass og sedasjon (likegyldighetstablett). ho har arbeida mykje med rotfyllingar og brukar mikroskop til å løysa dei mest kompliserte oppgåver.