Undersøking

Ved ei ordinær undersøking ser vi etter hol og defekte fyllingar og syreskader på tennene. Tannkjøtet og slimhinner blir kontrollerte. Tyggemusklar og kjeveledd sjekkes for eventuelle plagar. Vanleg tannrøntgen utfyller undersøkinga og ved trong tar vi OPG. Det er eit panoramarøntgen der heile tanna, kjevebein, kjeveledd og biholer synes på same bilete (eit tilbod vi […]

Fyllingsterapi

Det er ulike årsaker til at ei tann vert reparert med ei fylling. Vanligast er hol i tenna(karies), syreskader, tannslitasje eller knekt tann eller gamal utett fylling. Det vert i hovudsak benytta kompositt (plast) som fyllingsmaterial. Det er og mulig å laga støypt eller frest fylling i tanna som porselen eller gull. Amalgam vart forbode […]

Kroner og broer

Ei krone er ei erstatning for ei øydelagd tann på grunn av djupe hol(karies) eller brudd der fyllingar ikkje lenger kan erstatte det store tanntapet. Rota på desse tenner er intakt. Kroner kan og bli laga for ei estetisk utbetring. Kroner vert laga i heilt porselen eller i ein kombinasjon av gull og porselen, der […]

Rotfylling

Når nerva(pulpa) er sterkt skada eller daud, er det naudsynt å foreta rotbehandling, om ein ynskjer å behalde tanna. Dette kan skje med store hol (karies)  som går inn til nerva i tanna eller  at sprekker i tanna gir vei inn til nerva for bakteriane. Tenner kan også verta utsatt for eit kraftig slag i […]

Tannkjøttsjukdom

Det fins i hovudsak to typar tannkjøtsbetennelsar. Gingivitt er ein overfladisk tannkjøtsbetennelse som kjenneteiknast ved hevelse, blødning og raudheit. Bakteriebelegg (plakk) fester seg til tennene ned mot tannkjøtet og skapar ein lokal irritasjon. Det er lite plage av denne tilstand. Tannlege/tannpleiar vil hjelpa deg å fjerna bakteriebelegget og visa deg korleis du kan fortsetje å […]

Implantat

Implantat kan erstatte tap av tenner. Det vert operert inn ein \»skrue\» av titan i kjevebeinet. På implantatet festar ein ulike typer tannerstatningar, som kroner, broer og protester, avhengig av kor mange tenner som er naudsynt. På tannklinikken Valestrand utfører vi protetikkdelen av implantatarbeidet, og vi utfører implantatprotetikk som vert dekka av Helfo.

Airflow

Airflow er ein smaktilsatt saltblåsing som fjernar overflatemisfarging på tenna, som kan komme av kaffi, te, røyk, rødvin og andre mat- og drikkevaner. Saltblåsingen kjem til på vanskelege stadersom i mellom tenna, i tannas djupe groper og fissurer.

Bleiking

I våre dagar er det mange som bleiker sine tenner. Bleikinga bør skje i samråd med ein tannpleiar eller tannlege. Misfarging forårsaka av t.d. mat og drikke, kan ofte fjernast med pussing. Ligg misfarginga djupare i tanna kan ein bleiking være løysinga.\r\nPå tannklinikken Valestrand kan vi tilby heimebleiking. Det vert laga individuelle bleikeskinner med bleikemiddel […]

Tannbehandlingsangst

Det å ha tannlegeangst er ein av dei mest vanlegaste angstlidingar i befolkningen. Undersøkinger viser at 5-10% av den voksne befolkninga i Norge unnlet å søke regelmessig tannbehandling på grunn av angst. Det betyr at uansett smerter, problem med spising, utsjånaden eller anna- så oppsøkjer ein ikkje tannlege. Har du først bestilt time, har du […]

Akutt behandling

Ved akutt trong for tannbehandling gjer vi vårt ytterste for å hjelpa deg så fort som råd er. Vårt mål er å gje omsorgsfull hjelp til alle pasientar med akutte smertar same dag. Ringer ein tidleg på dag, er det lettare å få hjelp. Vi prøvar å ordna timeboka slik at vi kan hjelpa deg. […]