Tannkjøttsjukdom

Det fins i hovudsak to typar tannkjøtsbetennelsar. Gingivitt er ein overfladisk tannkjøtsbetennelse som kjenneteiknast ved hevelse, blødning og raudheit. Bakteriebelegg (plakk) fester seg til tennene ned mot tannkjøtet og skapar ein lokal irritasjon. Det er lite plage av denne tilstand. Tannlege/tannpleiar vil hjelpa deg å fjerna bakteriebelegget og visa deg korleis du kan fortsetje å halde tennene reine. God munnhygiene med bruk av tannbørste,tanntråd eller tannstikkere/mellomtannsbørste betrar tilstanden. Periodontitt er ein sjukdom  som fører til at tennenes feste blir øydelagd på grunn av bakteriar ned mot tannkjøtet. I begynnelsen får ein blødning, hevelse og raudheit. Etterkvart løsner fibrene som festar tanna til kjevebein og tannkjøt. Ein får då djupare spalte mellom tann og tannkjøt – kalt tanmkjøtslomme. Betennelsen går djupare i tannkjøtet og ein merkar lite til sjukdomen. Etter fleire år vil tanna løsne og tilslutt falle ut. I sjeldnare tilfelle går denne prosessen hurtigare. Vi veit at fleie forhold påvirker sjukdommen negativt, som f.eks røyking, medisinar, stress, ukontrollert diabetes. Behandlinga er å stoppe sjukdommen. Alle tannflater over og under tannkjøtet samt mellom tennene må haldast reine. Med tannrens fjernar ein bakteriebelegg og tannstein. Utenpå tannstein er alltid bakteriar. Behandlinga av tannkjøtssjukdom med tannløsning  strekkjer seg over fleire behandlingsøkter. Grundig instruksjon i korleis tennene haldast reine er svært viktig for å lukkast med behandlinga. Med rein tann – og rotoverflate vert betennelsen dempa, og nedbrytninga av festeapparatet stanser. Behandling og forebygging av periodontitt er ofte livslang. Tannstein, belegg og bakterier kjem fort tilbake og det er viktig å få rense tennene regelmessig. Folketrygda gir stønad til dekking av periodonttt.’,’Behandling av tannkjøttsykdom’