Rotfylling

Når nerva(pulpa) er sterkt skada eller daud, er det naudsynt å foreta rotbehandling, om ein ynskjer å behalde tanna. Dette kan skje med store hol (karies)  som går inn til nerva i tanna eller  at sprekker i tanna gir vei inn til nerva for bakteriane. Tenner kan også verta utsatt for eit kraftig slag i ei ulukke, og nerva kan bli øydelagd og seinare invadert av bakteriar. Smerten kan variere i styrke og intensistet. Det kan ise, ein kan ha vondt i øyre, biholer, hovudet. Ofte kjenner ein ingenting, og det vert oppdaga på røntgen av tannlegen. For mest mulig vellykka behandling er det ein fordel med ekstra hygieniske forhold, og tannlegen setter på ein gummiduk rundt tanna, slik at ikkje spytt og bakteriar fra munnhola påverkar prognosen for behandlinga. Behandlinga handler om å fjerne infisert nervevev og skylja reint med ulike væsker.Ofte går ein med eit antibaterielt medikament nokre veker før behandlinga er over.\r\n\r\nDet er ganske vanleg å kjenna litt frå tanna før det roer seg ned etter utrenskinga. For behandling av vanskelige tenner nyttar vi mikroskop. I nokon tilfeller kan rotkanalen vere bøyd eller forkalka, og då hender det vi henviser til spesialister i rotfylling. 84-94% av rotfyllingane vert vellykka, avhengig av diagnosen. Sluttresultatet har grunnlag i korleis tanna responderer på behandlinga og har også samanheng med anatomine i roten. Vi fylgjer opp behandlinga med røntgen 1 år etter rotbehandling er over.