Kroner og broer

Ei krone er ei erstatning for ei øydelagd tann på grunn av djupe hol(karies) eller brudd der fyllingar ikkje lenger kan erstatte det store tanntapet. Rota på desse tenner er intakt. Kroner kan og bli laga for ei estetisk utbetring. Kroner vert laga i heilt porselen eller i ein kombinasjon av gull og porselen, der gullet er kjerna av krona. Tannteknikar lager krona på sitt laboratorium, etter avtrykk fra pasientens munn eller freses etter eit digitalt bilete av tanna. Stundom må den aktuelle tanna behandlast for tannkjøtsjukdom eller rotbetennelse før krona kan lagast. Dersom tanntapet er stort med lite eller ingen tann over tannkjøtet, må ein nytte stift(konus) for å gi feste for krona. Da må tanna først rotfyllast. Ei bru er fleire kroner som heng sammen og strekk seg over ein tannlaus del av kjevekammen (tannluke)