Fyllingsterapi

Det er ulike årsaker til at ei tann vert reparert med ei fylling. Vanligast er hol i tenna(karies), syreskader, tannslitasje eller knekt tann eller gamal utett fylling. Det vert i hovudsak benytta kompositt (plast) som fyllingsmaterial. Det er og mulig å laga støypt eller frest fylling i tanna som porselen eller gull. Amalgam vart forbode 01.01.2008. Kompositt er eit mjukt plaststoff, som er tilsatt mikroskopiske fyllpartiklar, for å oppnå rett styrke og konsistens. Fyllingsmaterialet vert hard, når tannlegen lyser med blått lys (ultrafiolett lys) på tynne lag av plastmaterialet. Kompositt vert limt til tanna og let meir att av tanna omsynes amalgam. Det gir ei naturlig tannfarga erstatning.