Akutt behandling

Ved akutt trong for tannbehandling gjer vi vårt ytterste for å hjelpa deg så fort som råd er. Vårt mål er å gje omsorgsfull hjelp til alle pasientar med akutte smertar same dag. Ringer ein tidleg på dag, er det lettare å få hjelp. Vi prøvar å ordna timeboka slik at vi kan hjelpa deg. Denne servicen gjer deg tryggheit som pasient hjå oss- men den kan også føra til at vi blir nødt å flytta på avtalte timar for at vi skal kunne få dette til. Vi håpar for forståing for dette- akutte tannsmertar kan ramme alle.